Konsert med Steve Dobrogosz
17. og 18. november skal Høgskulekoret og Ålesund strykekvartett halde konsert saman med jazzpianisten Steve Dobrogosz.
– Vi held konsert i Ålesund og i Volda, fortel Elizabeth Oltedal, dirigent for Høgskulekoret ved Høgskulen i Volda .
Dobrogosz er best kjent som jazzpianist og utgivinga av plata Fairytales saman med den norske vokalisten og komponisten Radka Toneff. Dei siste åra har han også komponert mykje i fleire ulike besetningar.
Ser fram til storbesøket
Elizabeth Oltedal og Ove Kvangarsnes, fiolinist i Ålesund strykekvartett, synest det er utruleg spennande at dei har fått til eit samarbeid med den kjende komponisten.
– Det er heilt fantastisk at Steve Dobrogosz kjem for å gjere to konsertar med oss, seier Oltedal og Kvangarsnes som ser fram til storbesøket.
To av medlemmane i Høgskulekoret som også gleder seg til konserten er musikkstudentane Kristin Frivold og Oline Strømmegjerde.
– At vi skal halde konsert saman med skaparen av musikken vi skal framføre, er heilt ubegripeleg!

GLEDER SEG: Dirigent Elizabeth Oltedal gleder seg til samarbeidet med Ålesund strykekvartett og Steve Dobrogosz.
Har starta øvinga
Høgskulekoret med sine vel 90 medlemmar har sidan august øvd til den store konserten.
– Vi har hatt mange øvingar fram til konserten, fortel Oltedal. Ho synest det har vore kjekt å introdusert medlemmane i koret for musikken til Steve Dobrogosz.

ØVER FOR FULL HALS: Medlemmane i Høgskulekoret har sidan august øvd til den store konserten.
Få med deg konsertane
Laurdag 17. november: Spjelkavik kyrkje
Søndag 18. november: Volda kyrkje
Foto på framsida: Johs Bøe





