Kald studenthybel? Gi tilbakemelding til SfS.
Bur du på ein av studentbustadane til SfS med låg innetemperatur? Studentsamskipnaden oppmodar om å gi tilbakemelding. -Sjølvsagt skal ikkje nokon fryse og vi har sett inn tiltak, seier bustadsjef Bente Holvik.
Studenthyblane i Volda er iskalde, skriv Sunnmørsposten på sine nettsider i dag. Dei fortel om studentar som frys, må sove fullt påkledde og må kjøpe vifteomnar. Studentsamskipnaden har derimot ikkje fått tilbakemelding frå meir enn to studentar, og på desse hyblane er termostatane blitt skifta.
- Då vi pussa opp studentblokkene på Heltne for nokre år sidan, monterte vi enøk omnar med timer. Det betyr at omnen varmar i tre timers intervall og etter tre timar går dei ned til 14 grader om ikkje ein restartar omnen. Fordi vi no er inne i ei ekstrem kuldeperiode tilbyr vi å skifte termostat for ei tid framover for dei det gjeld, seier bustadsjef Bente Holvik.
I Volda har temperaturen vore ned mot tjue minusgrader i vekevis. Vanlegvis vil studentbustadane halde normal romtemperatur også på vinterstid.
- Dersom du bur på ein av studentbustadane våre med låg innetemperatur - gi oss tilbakemelding. Sjølvsagt skal ikkje nokon fryse og vi har sett inn tiltak, seier Holvik.





