Kald hybel? Gi oss tilbakemelding
I fjor fekk vi tilbakemelding frå nokre studentar om låg innetemperatur på enkelte studentbustadar. SfS sette då inn tiltak, for sjølvsagt skal ikkje nokon fryse. Korleis er dette i år? Bur du på ein av studentbustadane våre og opplever låg innetemperatur - gi oss tilbakemelding.
Vi ønskjer at leigebuarane skal ha det bra, så om nokon frys no i vinterkulda og har behov for meir varme så tilbyr vi å skifte termostat for ein periode. I fjor skifta SfS termostatar på fleire av studentbustadane.
Les meir på studensamskipnaden sine sider.





