Ivar Aasen-instituttet feirar Kvinnedagen på etterskot i år
Det har vore ein tradisjon ved høgskulen at Ivar Aasen-instituttet organiserer ei markering av Kvinnedagen 8. mars. I år vart feiringa utsett og torsdag 17. mars skal Elisabet Vallevik Engelstad og Wencke Mühleisen diskutere det å skrive om kvinneliv med Stephen J. Walton.
Tekst av: Stephen J. Walton

(F.v.) Forfattarane Wencke Mühleisen og Elisabet Vallevik Engelstad
Vallevik Engelstad er aktuell med ein biografi om Åse-Marie Nesse, og Mühleisen gav ut i fjor ei bok om mor si, "Jeg skulle ha løftet deg over". To svært ulike kvinneliv, som likevel har det felles at viktige delar av dei vart levde i det same jærlandskapet, nær havet.
Elisabet Vallevik Engelstad har vore lektor i spansk, fransk, og rettslære ved Oslo katedralskole, og Wencke Mühleisen er forfattar, tidlegare performancekunstnar, spaltist i Klassekampen, og leiar for Nettverk for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Stavanger.
Voldas eigen feministiske kvedar Birgit Berg syter for det tradisjonelle kulturinnslaget.
Feiringa finn stad i auditoriet 244 på Strøm-huset, torsdag 17. mars kl. 14.15-15.30.
Vel møtt!






