InnoTown-konferanse
I samarbeid med InnoTown har Høgskulen i Volda, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Molde gleda av å invitere deg som student til å vere med på årets konferanse, 4.-5. juni 2014.
InnoTown er ein konferanse for næringslivet som årleg finn stad i Ålesund. Konferansen fokuserer på innovasjon, idéskaping, strategi og design.
Som student får du følgje med på heile konferansen frå Løvenvold Kino. I lunsjen har du høve til å mingle med deltakarar frå heile verda. Om kvelden 4. juni blir det fest på Banken Studenthus med god mat og drikke. Det blir også lagt til rette for gratis overnatting.
Påmelding
Pris:
2-dagers konferanse: Kr. 200,-
2-dagers konferanse + fest på Banken Studenthus: Kr. 300,-
Betal kontant til STiV-kontoret.
Les om programmet her: innotown.com/program