HMS-prisen 2012
Tysdag 11. oktober vart det arrangert HMS-dag for alle dei tilsette ved høgskulen. I samband med dette vart HMS-prisen delt ut. – Ola Einang ved Seksjon for idrett- og friluftsliv er tildelt prisen for sitt mangeårige arbeid med tryggleik, sa direktør Jacob Kjøde Jr.
I grunngjevinga for tildelinga vart det lagt vekt på at Ola i mange år har vore ein aktiv pådrivar og arrangør av tryggleikskurs og skredkurs for studentar ved Høgskulen i Volda. I tillegg har han vore ei viktig inspirasjonskjelde og mentor for kollegaer, der han har delt raust av si lange erfaring med og store kjennskap til ferdsel i naturen.





