Historiestudentar i Roma

Denne veka er 15 studentar og to lærarar frå Historisk institutt på den årlege studieturen til Roma. På programmet står mellom anna Forum, vandring langs Via Appia Antiqua, Peterskykja, Ostia og dagstur til Firenze.

0b414d2824415d29da3c2b029cee3a76
Gruppebilde på Petersplassen medan paven talar frå trappa framfor kyrkja.

Som ein del av Historisk innføringsemne i bachelor i Historie fekk studentane høve til å reise på studietur til Roma. Studentane fekk mellom anna gå langs Via Appia Antiqua som er bygd 300 år før tidsrekninga vår som ein av dei sentrale vegane i det den gongen vesle Romerriket. Spansketrappa, Petersplassen og Castel St. Angelo var blant dei historiske stoppa i byen der det var presentasjonar av studentar og lærarar. På turen fekk dei også ei engasjerande omvisning i oldtidsbyen Ostia og ei detaljert innføring i Firenzes renessansehistorie illustrert med mange kyrkjer og palass. 

83708ff5d1f730a7d59f94a74d4f72e6
I oldtidsbyen Ostia visteInge Lyse Hansen studentane dei forskjellige funksjonane og delane av byen. 

Del på: