Har du tenkt deg til fjells i vinter? Driv du med offpistekøyring?

Saman med høgskulen arrangerar Natura og Stiv skredkurs for alle studentar. Kurset er todelt. Vi startar med informasjon om kurset og ei lita teoriøkt onsdag kveld 3. februar og fortset på Standalshytta 5.-7. februar.

4864b6ccf8a719b61c96f099aa8f2446ffd15c25

Kurset vil ta for seg viktige tema innanfor skred og skredvurdering slik som snøkjennskap, terrengvurdering og kameratredning. Korleis ein som skiløpar og gruppe bør forhalde seg til problematikken vil og vere sentralt. Påmeldingsliste heng på Natura si tavle på BK.

Kurset er gratis for alle studentar. Det inkluderar overnatting på Standalshytta og middag på laurdag. 

Teorikveld: onsdag 3. februar kl 18.00-21.00 på Kaarstad 109
Standalshytta: fredag 5. feb. kl 18.00 til søndag.

Del på: