Har du born og treng avlasting?
Har du born og får lite tid til eksamenslesing? Treng du ei frihelg? Studentsamskipnaden har eit tilbod om helgeavlasting i Røysmarka studentbarnehage. 5.-6. desember kan du søkje om avlasting.
Studentsamskipnaden har eit tilbod til studentar med små born om avlasting enkelte helgar.
Studentar med born i barnehage- og småskulealder kan søke om avlasting to - tre helgar (laurdag - søndag) kvart semester. 5.-6. desember er første avlastingshelg dette semesteret frå kl. 15.00 på laurdag til kl. 14.00 på søndag.
Avlastinga held til i Røysmarka studentbarnehage og prisen er kr. 200,- pr. helg for første barn, og kr. 100,- for barn nr. 2 og 3.
Korleis søkje?
Søknadsskjema får du hjå SfS, i studentbarnehagen eller du kan skrive det ut her.
For meir informasjon kan du kontakte studentrådgjevar Ann-Kristin, t: 70 07 51 88/ 992 37 980 eller Studentsamskipnaden t: 70 07 52 40.
Les meir på www.studentsamskipnaden.no





