Har du born og behov for avlastning?
Studentsamskipnaden har eit tilbod om helgeavlasting i Røysmarka studentbarnehage. Er du student med born er det kanskje ikkje alltid like enkelt å sette av tid til studieane. Kanskje treng du berre ei frihelg? Du søkje om avlasting gjennom SfS!
Studentsamskipnaden har eit tilbod til studentar med små born om avlasting enkelte helgar. Studentar med born i barnehage- og småskulealder kan søke om avlasting to - tre helgar (laurdag - søndag) kvart semester:
30.-31. januar, søknadsfrist 25. januar
06.-07. mars, søknadsfrist 26. februar
17.-18. april, søknadsfrist 09. april
Avlastinga held til i Røysmarka studentbarnehage frå kl. 15.00 på laurdag til kl. 14.00 på søndag. Prisen er kr. 200,- pr. helg for første barn, og kr. 100,- for barn nr. 2 og 3.
Korleis søkje?
Søknadsskjema får du hjå SfS, i studentbarnehagen eller du kan skrive det ut her.
For meir informasjon kan du kontakte studentrådgjevar Ann-Kristin, t: 70 07 51 88/ 992 37 980 eller Studentsamskipnaden t: 70 07 52 40.





