Går det mot rektorskifte i Volda?
Høgskulen i Volda er inne i ei nominasjosperiode for rektorval. Valdagane er 1. og 2. desember, men nominasjonsperioden går ut allereie 29. oktober. - Rektor Jørgen Amdam har uttalt at han ikkje stiller til attval, melder leiar i valstyret, Ralph Meier.
– Rektorvalet for perioden 2011-2015 vert avgjort før nyttår, og før ein lyser ut dei fire årsmålsstillingane for dekanar, forklarer Meier.
Rektor og dekanar tek til i stillingane sine 1. august 2011.
Når ein rektorkandidat er nominert, vel denne kandiadaten ein prorektor som han eller ho går til val saman med.
Tidsplan for val av rektor
- Nominasjonsperiode: 18.-29. oktober
- Svarfrist nominerte: 2. november, kl. 15.45
- Periode der rektorkandidater skal finne prorektorkandidat: 2.-9. november
- Valkamp: 10.-19. november
- Forhandsval: 20.-30. november kl.15.00
- Valdag (urneval): 1. og 2. desember kl. 09.00-15.00 begge dagane. Urna vil stå i resepsjonen i Berte Kanutte-huset.
Les meir på www.hivolda.no/rektorval





