Føredrag om Den eventyrlege seglasen – tre år til verdas utpostar

Tysdag 27. januar kl. 19.00 kjem eventyraren Audun Hetland til Høgskulen i Volda for å halda eit føredrag om sin eventyrlege seglas over Atlanteren, til Antarktis, rundt Stillehavet og tilbake langs Alaska og over til Grønland saman med to studentkompisar. Den fantastiske turen vart kjent gjennom TV-serien på TV2, og føredraget i Volda er ope for alle interesserte.

6d3383ff7b832e7c424ca99dacbd135ef341927f

– På tre år segla vi den 34 fot store havseglaren Sumithra over Atlanterhavet, rundt Stillehavet og heim att, kommenterer Hetland.
– Kontrastane var store. Motgang og medgang, venskap og krangel. Frå dei mystiske statuane på Påskeøya og eit behageleg liv sør i Stillehavet, til bjørn på kloss hald i Alaska, og drivis og fjellklatring på Grønland.

– Vi var fire kameratar som la ut frå Noreg, og to som fullførte heile reisa.

– Føredraget vil ha form som eit multimediashow som kombinerer stillbilete, film, lyd og musikk, i tillegg til at eg fortel om turen, seier han.
Det vert lagt opp til to bolkar på ein time.

Publikum vil oppleve ei reise saman med meg.
– Undervegs gjekk vi fotturar i Marokko og Alaska, dreiv vrakdykking på Salomonøyane, la ut på ridetur på Påskeøya, padla kano i Alaska, dreiv fjellklatring på Grønland – og gjorde eit ulovleg strandhogg hjå Framandlegionen på Mururoa, oppsummerar Audun Hetland.

c68f18ac39f05e2bc5236ce76e69569c0468a2b6

Les meir på www.eventyrligseilas.no 

Vel møtt tysdag 27. januar kl. 19.00 i Berte Kanutte-huset. Store Auditorium

Del på: