FOREDRAG MED TEMA «GENERASJON PRESTASJON» 24. februar

Føler du deg stressa? Korleis takle valg du står overfor? Onsdag 24. februar blir det arrangert kurs med tema «generasjon prestasjon». Her kan du få gode tips om korleis meistre stress og ta gode valg.

faebef7a70b94c9f2f2b3b23fcc6bc0e

Studenttinget, Studentsamskipnaden og Høgskulen i Volda, er stolte og heldige som kan presentere Marit Lund og Jan-Ole Hesselberg som foredragshaldarar på psykisk helsekurs 2016.  

Marit Lund er studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Trondheim og vil halde eit minikurs i stressmeistring. Jan- Ole Hesselberg vart kåra til årets folkeopplyser i 2014 og er blant anna kjend frå TV-seriane «Folkeopplysningen» og «Typisk deg». Han vil på ein underhaldande og enkel måte fortelje deg korleis det du vil ha, ikkje alltid er bra for deg.

Kurset vil vere i Store auditorium- Berte Kanutte kl. 13.45-16.00.

For meir informasjon sjå nettsida til STIV og Facebook.

Vel møtt!

Del på: