Får råd frå tidligare studentar
Han er på jakt etter dei beste tipsa, Ståle Grut, når han får tidlegare mediestudentar til å fortelje om studietida i Volda og kvardagen etterpå. Merksemda rundt intervjua har blitt større enn forventa, blant anna frå Noregs største nettside for journalistar.
I februar lanserte Ståle Grut, kommunikasjonsansvarleg ved Norsk Journalistlags studentklubb i Volda, ein intervjuserie som han kallar #VoldaAlumni. Her presenterer han personar som har studert mediefag i Volda.
Nye namn
– Det er ikkje at det at eg er lei av å høyre om Ingvild Bryn, Espen Graff og Thomas Numme, men eg sakna litt nytt blod i alumni-faunaen frå medieutdanninga, fortel Grut som sjølv studerer første året på PR, kommunikasjon og media.
Tips til studentane
Kvar veke publiserer han eit intervju med ein tidlegare journalistikkstudent, fult av tips til kommande journalistar. Grut trur likevel at intervjua også er aktuelle for dei andre studentane ved høgskulen.
– Det har kome mykje positiv tilbakemelding frå tilsette, tidlegare studentar og andre. Mest spennande var det likevel når det norske fagtidsskriftet for journalistar, Journalisten, ville ha ein bit av kaka, fortel Grut. – Eg tenkte dei kanskje ville gi oss ein tweet eller poste på Facebook-veggen sin av og til, men dei har valt å legge ut intervjua på sine eigne nettsider. Det var ekstra stas, medgir han.
Fleire saker på gang
Så langt har det kome fleire tusen treff på sakene. Med dei gode tilbakemeldingane så langt, lovar det godt for fleire av desse intervju framover.
Les alle intervjua på http://www.nj.no/volda/
Foto: Maria Finnøy Fagervoll





