Er du interessert i andre språk og kulturar – og har lyst på eit spennande oppdrag?

Nus-studentane (norsk for utanlandske studentar) her på høgskulen skal no til å lære norsk. Då er det svært viktig for dei å ta det norske språket i bruk så tidleg som mogeleg og i så mange situasjonar som mogeleg. Kan du tenkje deg å vere gruppeleiar for ei gruppe på fem til seks Nus-studentar i ein periode framover?

153f12ed2d525197283b28b213e1161b004b161f

Omfang, tid og stad:

14 timar per gruppe, ein dobbeltime i 7 veker, og vi treng truleg 4-5 gruppeleiarar. Oppstart vert i v. 37 eller 38. Vi ordnar eit første møte slik at du får gjort avtale med dei om vekedag, stad og klokkeslett.

Emne:

Det er fint om du legg opp til samtalar der dei får øve inn ordforrådet dei har i grunnboka si, Norsk på 1-2-3. Du vil få kopiar av kapitla dei arbeider med.
Hugs! - du skal ikkje drive tavleundervisning, målet er at dei skal snakke mest mogeleg. Opplæringsspråket for NUS-studentane er bokmål.

Betaling/info:

Vi betaler 150 kroner timen, og du får relevant praksis på cv-en din. Er du interessert, så ta kontakt med Hilde Osdal, tlf. 70075142 eller Birgitte Fondevik Grimstad, tlf.70075039, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, 2. etasje BK. Du kan også kontakte oss på e-post: hilde.osdal@hivolda.no eller birgittef.grimstad@hivolda.no .

Dette er ein unik sjanse til å sjå norsk frå ein ny ståstad og til å møte flinke, engasjerte studentar frå den store verda – så den som kjem først til mølla..!   

Del på: