Dr. philos Willy Pedersen er tilsett som professor II
Dr. philos Willy Pedersen er tilsett som professor II ved Institutt for sosialfag. Pedersen er ein allsidig og profilert forskar som har synt god evne til å få fram dei særeigne utfordringane som ligg til rus som eit kulturelt og sosialt fenomen.
I forskinga si har dr. philos Willy Pedersen i ei årrekkje hatt fokus på ungdom, rus, marginalisering, seksualitet og kriminalitet. På desse felta er Pedersen ein markant forskar både nasjonalt og internasjonalt.

Willy Pedersen har tidlegare vore knytt til forskingsinstitusjonen NOVA og han er no tilsett som professor ved Universitet i Oslo. Pedersen har publisert eit stort tal artiklar i internasjonale fagtidsskrift og gitt ut fagbøker som er mykje nytta som pensumslitteratur.
– Det er fleire grunnar til at vi ønskjer å knyte til oss Willy Pedersen. Det primære er å styrke rusfeltet sin plass i bachelor- og masterutdanningane. Pedersen vil også styrke forskingsmiljøet med si lange erfaring og nasjonale og internasjonale samarbeidskontaktar, seier instituttleiar Hallgerd Conradi.





