Bli med på Norges sprekaste studietilbod !
Frå Volda til Brisbane og Bourke i Australia, til Saigon og Ha Long Bay i Vietnam - Austral-asiatiske kulturstudium er eksotisk, innhaldsrikt og berre for Voldastudentar. Interessert? Søknadsfristen er utvida til 15. mars.

Magisk: Morgonstemning på ein flytande marknad i Vietnam
–Austral-asiatiske kulturstudium er ein fantastisk måte å sjå stader langt vekke og lære nye og ukjente kulturar å kjenne, seier ansvarleg for studiet Stephen Darren Dougherty.
Han lover lærdom om australsk og asiatisk musikk, kunst, religion, historie, politikk og velferd, i tillegg til ei spanande og eksotisk reise i Australia og Vietnam for dei som tek studiet og håpar at så mange som mogleg sender ein motivasjonssøknad innan den utvida søknadsfristen som er 15. mars. Søknaden skal vere på engelsk, innehalde kontaktinformasjon, kven du er og kva som motiverer deg for å søke, kvifor akkurat du bør få delta, samt korleis halvåret passar inn i ditt utdanningsløp. Send søknad til sgh@hivolda.no eller stephend@hivolda.no
Meir informasjon
Bli med i Facebookgruppe for interesserte i AA-studiet
Les meir om AA-studiet
Sjå studieplan
![]() | ![]() |
Toorale utanfor Bourke, The Gateway to the Outback og nøgde AA-studentar på utflukt til Sidney
Kontaktpersonar:
Fagansvarleg Stephen Darren Dougherty, tlf: 70 07 53 26, e-post: stephend@hivolda.no
Studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk, tlf: 70 07 50 15, e-post: sgh@hivolda.no
Leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen, tlf: 70 07 51 20, e-post: cw@hivolda.no







