Badar som ekte vikingar

Animasjonsstudentane Johannes Hildre Spilling og Thor Christian Engdal svergar til isbading, då det kan bli mykje stillesitting og lange intervallar på animasjonsstudiet. Kvar ettermiddag, uansett vêr, ”går dei planken” ut i det iskalde novembervatnet i Voldafjorden.

73fbce5d83154484e9726bd95f8a3fdf1209fd37
Animasjonsstudentane Johannes Hildre Spilling og Thor Christian Engdal vinkar til ferja i Voldafjorden.

- Det heile starta med at vi i starten av hausten var ein gjeng som møttest og hadde det moro utover kveldane. No er det berre meg og Thor Christian som prøvar å tvihalde på sommaren, seier Johannes Hildre Spilling i eit intervju med journalistar frå Nærnett.

Spilling fortel også at dei under årets animasjonsfilmfestival hadde besøk frå Tsjekkia, England og USA, og då inviterte dei like gjerne dei tilreisande til å vere med på den friske badeutflukten.

- Vi er kalde akkurat no, innrømmer dei spreke animasjonsstudentane, men vi føler oss herlige. 

Sjå video av dei hardbarka badenymfene på Nærnett sine sider da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på: