Bachelorkonsert i musikk: Improvisasjon med vibrafon
Magnus Bugge studerer siste året på Bachlorgradsstudiet i musikk, og held sin eksamenskonsert Vertigo, på Rokken tysdag 8. desember kl. 19.00. Vibrafon er eit stort melodisk slagverksinstrument, og på konserten vil Magnus improvisere ut frå kun små skisser som er skrivne på førehand.

- Sidan eg har spelt trommesett før, hadde eg eit ynskje om å halde fram med eit meir melodisk og harmonisk slaginstrument, og då er vibrafon tingen.
Improvisasjon med vibrafon
- Konserten vil bestå av improvisasjon basert på små, enkle musikalske skisser som tek for seg eit musikalsk element kvar. Eit kan vere dynamikk, eit anna tonalitet og så vidare.
- Dette blir svært spennande, fordi vi ikkje veit kva som vil kome ut, seier Magnus.
Improvisasjon med lys
- I tillegg vil konserten ha improvisert lys. Lysteknikaren Kato Adolfsen vil vere eit fullverdig bandmedlem, som skal køyre lys alt etter kva han høyrer og etter korleis han vil påverke musikken.
- Saman med oss vil Ingrid Sæbø improvisere på saksofon, og Magnar Åm vil vere med på piano.
Stad: Rokken. Tid: Tysdag kl. 19.00. Pris: 50,-

Magnus Bugge spelar også vibrafon i jazzbandet Søndagskvartetten






