Årets TV-aksjon til Amnesty treng bøsseberarar
Søndag 21. oktober går den årlege TV-aksjonen av stabelen for 39. gong. I år er det Amnesty som er mottakar av dei innsamla midlane og studentgruppa for Amnesty håper du kan stille som bøsseberar. Send SMS til 2080 eller sjå www.blimed.no.
Slagordet for årets kampanje er STÅ OPP MOT URETT.
Pengane skal gå til å aksjonere for dei mange som vert fengsla for å ha brukt ytringsfridomem sin. Ein skal vidare arbeide for å stoppe diskriminering av kvinner og minoritetar, arbeide for rettferd for offer for overgrep frå multinasjonale selskap, krevje rettferd etter krig og konflikt, og jobbe for rettferdige rettssystem i midt-Austen og i Nord-Afrika.
– Håpet er at vi har nok bøsseberarar i god tid, helst ei veke før aksjonen, og vi ynskjer helst at bøsseberarar nyttar det sentrale systemet for påmelding, fortel student Hans Olav Myskja.

TRENG BØSSEBERARAR: Studentgruppa for Amnesty oppmodar folk om å melde seg som bøsseberarar til årets TV-aksjon. (FOTO: NRK)
Dersom du ønskjer å melde deg, kan du gjere det på fleire måtar:
Telefon: ring02025
SMS: send ein sms til 2080
Internett: gå til nettsidenewww.blimed.no.
Heile veka før aksjonsdagen vil det vere mogeleg å kome på frivilligsentralen og hente bøsse og få ei rode. I bygdene vil eigne rodeleiarar skaffe bøsseberarar og fordele rodene.
Følg med i avisene og på fjernsyn, det er mindre enn to veker att.





