AKF-frukost i Kaarstadparken

Avdeling for kulturfag opna det nye studieåret med frukost i Kaarstadparken. Gamle og nye studentar strøymde til saman med tilsette ved avdelinga og kunne nyte både mat og musikk i det grøne. Studentane vart ønskte velkomne av dekanen. Arrangementet ved studiestart i Kaarstadparken er i ferd med å verte ein tradisjon. Mange gjorde seg kjende i eit nytt miljø, og når også veret var på AKF si side, vart det ein fin start på studieåret.

fcebc8a328193fd1d5986af286a2da85c58b4626

Foto: Dag Svein Roland

Del på: