25 år sidan første Nærsynssending

Som den første TV-kringkastaren utanom NRK, kunne medieutdanninga ved dåverande Møre og Romsdal distriktshøgskule den 20. november 1984 sende si første TV-sending. Eit sentralt innslag i sendinga var opninga av Hans Strøm-huset.

Medverkande var Jostein Fet, kringkastingssjef Bjartmar Gjerde, Det norske kammerkor under leing av Per Oddvar ”Prots” Hildre, rektor Jon Tvinnereim, Tor-Johan Ekeland, statssekretær Jan S. Levy, ordførar Rasmus R. Aarflot og The Mixmasters and the Voices. Programvert var Per Olav Hernes.

Del på: