Stein Conradsen disputerer 19. februar

2021-02-19T09:00:00 - 2021-02-19T15:00:00
Legg til i kalender

Høgskulelektor Stein Conradsen, AHL, har fått godkjent doktorgradsavhandlinga si og skal forsvare den i disputas på Høgskulen i Volda 19. februar 2021. 

Tittelen på avhandlinga er: ""Patients’ knowledge and their trust in healthcare personnel in elective surgery. A mixed methods study including an extended theoretical discussion". 

Conradsen har vore ph.d.-student på det Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde sitt felles doktorgradsprogram: Helse- og sosial - Profesjonsutøving - vilkår og utvikling, og er den første frå Høgskulen i Volda som disputerer på programmet. 

Conradsen har tidlegare arbeidd blant anna i Helse Møre og Romsdal sitt lærings- og meistringssenter før han vart tilsett som stipendiat ved Avdeling for samfunnsfag og historie og seinare tilsett som høgskulelektor i pedagogikk på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda. 
 

Del på