Skredseminar
Friluftsliv & Naturguide ved Høgskulen i Volda inviterer alle som er interesserte i godt skiføre på trygge skiturar til eit "skredseminar" no før vinteren sett inn.

Foto:Tor Olav Naalsund
Vi deler nokre tankar om korleis du kan finne godt og trygt skiføre, korleis du kan bruke skredvarslet Varsom og kva du kan gjere om uhellet er ute.
I tillegg til oss her ved Høgskulen, får vi innlegg av Volda Ørsta Røde Kors Skredgruppe.
Seminaret er gratis, og varer eit par timar.