Ny runde med Leiing i samspel mellom frivillig og offentleg
Høgskulen i Volda startar våren 2007 for andre gong opp studiet Leiing i samspel mellom frivillig og offentleg. -Etter god respons frå tidlegare studentar gler vi oss til å setje i gang med eit nytt kull, seier studiekoordinator Ragnhild Vestre.
Studiet er oppretta etter eit initiativ frå Kirke- og kulturdepartementet (KKD), og er eit resultat av at departementet såg eit behovet for ei formalisering av kompetansen kring frivillig arbeid. I studiet blir det sett fokus på nettverksbygging og samarbeid mellom dei offentlege og frivillige organisasjonane i lokalsamfunn i heile landet.
Undervisninga er nettbasert med ei samling per semester og studiet er det einaste av sitt slag i Noreg.
Studentane på første kull
Les meir på www.hivolda.no/frivillig