God arbeidsmarknad for barnevernspedagogar og sosionomar

Arbeidsmarknad for barnevernspedagogar og sosionomar er god. Gjennom NAV er det utlyst 41 stillingar som er relevante for barnevern og 164 stillingar for sosionom. NRK.no melder i dag at kommunar ikkje får nok søkjarar på sine utlyste stillingar. Frå fleire hald vert søkjarar no oppmoda om å satse på desse studia.

- Innanfor pleie- og omsorg, kommunale teneste, bufetat, nav-systemet, kompetansesenter, institusjonar og sosialtenestene er det stor mangel på kvalifisert arbeidskraft.

- Samstundes har vi ledige studieplassar nettopp på Bachelorgradsstudiet i sosialt arbeid, barnevern og sosionom, kommenterer opptaksansvarleg Ragne Ørstavik Sørheim ved Høgskulen i Volda.

- Vi har sett ein trend som går nedover for desse utdanningane over heile landet, noko som mellom anna kan skuldast oppgang i andre næringar.

Variasjon i stillingar
NAV vil ikkje kommentere dei ledige stillingane som er relatert til barnevern og sosionom på generelt grunnlag, men seier at innanfor desse arbeidsområda er fleksibiliteten svært stor.
- Mange er ikkje klar over den variasjonen i yrker som er aktuelle for kandidatar frå barnevern og sosionom.

Eit søk på NAV sine heimesider med stikkord sosionom viser også at varierande stillingar er spreidd utover heile landet.

Les meir på nrk.no

Del på: