Gjesteførelesing om kriminalitet i spanske turistområde
Per Stangeland er professor i kriminologi ved Universitetet i Malaga, men til hausten flytter han med kone og to barn til Volda for å arbeide ved Møreforsking. Torsdag denne veka held han gjesteforelesning ved Høgskulen i Volda om kriminalitet i spanske turistområde.
- Vinningskriminaliteten i dei spanske turistområda synest vere eit aukande problem. I ein demonstrasjon i Alfaz del Pi på Costa Blanca - der det bur mange nordmenn - kravde sist helg 10 000 menneske betre tryggleik (jf. Dagbladet 28.2.05).
Høyr meir om desse problemstillingane på professor Per Stangeland si gjesteførelesing torsdag 3. mars kl. 9.15 -11.30 i Hans Strøm-huset rom 245 ved Høgskulen i Volda.