Ein kjær kollega har gått bort

I helga fekk HVO det triste bodet om at vår gode kollega Sveinung Vaage (f. 1951) er død. Han vart sjuk under eit opphald i utlandet, vart innlagd på sjukehus, og døydde laurdag morgon.

Sveinung var førsteamanuensis i pedagogikk, og har vore tilsett ved Høgskulen i Volda sidan 1991, mesteparten av tida ved Institutt for sosialfag. Ei kortare periode arbeidde han ved Ivar Aasen-instituttet. Han tok doktorgraden i 1995, og hans faglege hovudfelt var amerikansk pragmatisme, der han særleg arbeidde med John Dewey og George Herbert Mead. Han var ein svært god kollega, ein høgt respektert forskar, forfattar, lærar og rettleiar.

Instituttet si undervisning måndag er avlyst.

Avdeling for samfunnsfag vil arrangere ei minnestund i slutten av veka. Det vil kome nærare informasjon om tid og stad.

 

vaage520

 

Sveinung Vaage.

Del på: