Prøvekluten 2006: Fengande Kakafoni

- Kaaa- ka - kafoni!, syng borna medan dei trampar takta berrføtt med raslande bruskorker rundt oklene. Instruktøren sjølv, Birte Hege Owusu-Addo, dundrar laus på ei av dei største søppelbøttene av plast.

”Barfot –Birte” som ho kallar seg er ein av deltakarane på årets Prøveklut, i regi av høgskulen og Fylkeskulturavdelinga. Under opphaldet har ho prøvd ut delar av prosjektet sitt, Kreativ kakafoni, på ei gruppe born og unge frå Ørsta og Volda.

Torsdag var det framføring av resultatet, og foreldre, føresette og andre som hadde møtt fram fekk sjå ei forrykande framføring i høgt tempo, spekka med heftig lyd, fengande afrikanske rytmer, song og dans.

-  Å få teste ut det ein jobbar med undervegs i prosessen slik som ein får høve til under Prøvekluten er fantastisk. Likeins er fagleg tilbakemelding frå rettleiar og responsen frå borna viktig i ein tidleg fase i prosjektet slik at sluttresultatet vert best mogleg. Eg har mellom anna erfart at prosjektet med enkle grep kan tilpassast  born i ulik alder heilt ifrå  barnehage til vidaregåande, seier Birte Hege, som er utdanna innan song, dans og drama frå Ghana.

Prosjektet skal etter planen til neste år vere eit tilbod i Den kulturelle skulesekken, og koordinator for skulesekken i fylket, Johild Kosberg Bredin, var etter framsyninga begeistra over det ho hadde sett.
- Eit spanande fleirkulturelt prosjekt med mange moglegheiter for tverrfagleg arbeid, meiner Kosberg Bredin.

Provekl_afrikansk
Birte Hege Owusu-Addo fengjer og inspirerer med mange typar instument


 

Del på: