DeKomp

Desentralisert ordning- DeKomp, er ein del av Utdanningsdirektoratet sin modell for lokal kompetanseutvikling i skulen.

DeKomp er skulebasert, kollektiv kompetanseutvikling der fleire lærarar frå same skule er involvert og påverkar praksisen i større grad enn individuelle tiltak og korte kurs. Ordninga skal bidra til at skuleeigarar gjennomfører eigne kompetanseutviklingstiltak.

Desentralisert ordning skal bidra til å gjere utviklingsarbeidet meir forutsigbart og langsiktig for skuleeigar, universitet og høgskular. Utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den einskilde skule eller kommune/fylkeskommune har, og føre til betre læring for elevane. Det er eit mål at både tilsette og elevar/studentar på skular og ved universitet og høgskular skal utvikle sin kompetanse gjennom eit styrka samarbeid om teori og praksis.

Mål med strategien

  • Meir varig system der det ikkje er behov for at staten kjem med nye, nasjonale satsingar.
  • Lokalt handlingsrom, tid til implementering, god kommunikasjon om mål og innhald i tiltaket og involvering av lærarar og skuleleiarar i avgjerdsprosessar, då det er viktige faktorar for at kvalitetsutviklingsarbeidet skal bli vellukka.
  • Utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den enkelte skule eller kommune/fylkeskommune har, og føre til betre læring for elevane.

Kompetansestrategien sine utviklingsområde
DeKomp skal bidra til å nå måla for grunnopplæringa:

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø 
  • Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla sitt potensial 
  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse 
  • Alle lukkast i opplæringa og utdanninga