Høgskulen i Volda er sertifisert Miljøfyrtårn

miljøfyrtårn-diplom
Ordføraren i Volda, Jørgen Amdam, overrekker Miljøfyrtårn-diplomet til høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen.

Høgskulen i Volda vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2018. Det forpliktar! 

For å verte Miljøfyrtårn, må høgskulen oppfylle ei rekkje krav til ulike administrative system og rutinar som til dømes HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, energi med blant anna vekt på energieffektivisering, transport og reduksjon av miljøgassar, avfall med kjeldesortering og estetikk. 

Direktør Karen Lomeland Jacobsen er svært glad for at Høgskulen i Volda er sertifisert, og at arbeidet med bærekraft og miljø vert ein naturleg del av arbeidskvardagar og målsettingar. – Det at vi no er sertifisert som miljøfyrtårn betyr ikkje at vi er i mål. Det vil heile tida vere eit kontinuerleg forbetringsarbeid, sa Lomeland Jacobsen då ho fekk overrekt Miljøfyrtårn-diplomen saman med den ansvarlege arbeidsgruppa i 2018.

HVO vil publisere ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Kvart tredje år må bedrifter som er Miljøfyrtårn resertifiserast. 

Les meir om det å være eit Miljøfyrtårn.

 

Ulike klimatiltak

  • Høgskulen i Volda har 570 solceller montert på taket av Berte Kanutte-huset, og produserer eigen straum. Anlegget kan produsere omlag 100 000 kWh straum i året, og straumproduksjonen vert nytta i bygget. Her kan du følgje produksjonen direkte.
  • Nytt kjeldesorteringssystem kom opp i 2019. 
  • Fleire videokonferansesystem er sett opp, for å i større grad mogleggjere digitale møter og få ned reiseverksemd.
  • Det vert bygd fleire sykkelparkeringsplassar. 
  • Lågare papirforbruk. 
  • ISO-sertifisering og miljøkriterier i innkjøpsprosessar.

 

Årlege rapportar