Reiseinformasjon eksterne

Eksterne sensorar og føreleserar bestiller reisene sine sjølve. Dei kan betale reisa med kredittkort og sende refusjon for utgiftene til HVO, eller dei kan få sendt rekninga direkte til HVO.

Elektronisk reiserekning:

Høgskulen i Volda nytter seg av "Betal meg"-løysinga til DFØ for refusjon av reiser.

Du vil bli lagt til i denne løysinga for å kunne sende reiserekningar elektronisk.

Manuell reiserekning:

Elektronisk reiseregning for eksterne

English version of travel bill for external

Reiserekning ført på skjemaet over, sendast til:

Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Merk konvolutten med din kontaktperson ved HVO.

Krav til reiserekninga

Fylgjande legitimasjonskrav må vere utfylt på reiserekninga: 

  • Arbeidstakar sitt namn, adresse, personnummer, bankkontonummer og underskrift.
  • Reisestad og formålet med reisa.
  • Dato og klokkeslett for avreise og heimkomst for kvar tenestereise.
  • Ved overnatting på hotell eller liknande må namnet på hotellet vere oppgitt. 

Viktig vedlegg til reiserekninga:

  • Boardingkort og kvittering på flybillett skal alltid vere med. Dersom du reiser med elektronisk billett, kjem kvitteringa via e-post etter at reisa er bestilt. Får du ikkje kvittering, må du sjekke at du har oppgitt rett e-post-adresse til flyselskapet. 
  • Kursprogrammet.
  • Gyldig kvittering for andre utgifter som du krev refundert.

Utanlandsreiser

Ved utanlandsreiser skal dato, tidspunkt for avreise, reisemål (stad og land) og reiseårsak vere oppført (som ved innanlandsreiser). Om du må overnatte på veg ut av landet skal dette førast opp i kommentarfeltet (td. du reiser frå Volda om kvelden, og må overnatte på Gardermoen fordi at flyet til New York går grytidleg neste morgen). Skal du innom fleire land på reisa di, må dette også førast opp på kommentarfeltet. Dette for å sikre rett utrekning av kostgodtgjersle.

Nattillegg får ein ikkje ved utanlandsreiser.

Ellers skal alle utgifter dokumenterast på lik linje som ei innanlandsreise.

Statens regulativ for innlandsreiser og utanlandsreiser

Her finn du lover og reglar for utrekning av kost og godtgjersle for reisene dine.

Innlands-og utanlandsreiser

Spørsmål? Ring gjerne Silje Rekkedal på tlf. 70 07 51 17