Studentprest

Det er mykje som skjer i livet gjennom studietida. Kanskje har du behov for å dele noko av dette, eller andre opplevinger frå tida før du blei student. Studentpresten i Volda, Ruth Eva Sollie, si viktigaste oppgåve er å lytte til deg som treng nokon å snakke med.

Studentprest Ruth Eva Sollie er tilsett av Den norske kyrkja, og er ein del av helse- og velferdstilbodet til studentane i Volda. 

Alle slags samtalar

Det er rom for å snakke om alle slags tema med studentpresten, og det er rom for å leite etter ord for korleis du har det. Du treng ikkje å ha er ein religiøs bakgrunn eller problemstilling for å snakke med en studentprest. Studentpresten har teieplikt, og tenesta er gratis. Studentpresten fører ikkje journal; du kan få kome og gå med blanke ark.

Studentprest Ruth Eva Sollie

Studentpresten har kontor i lag med studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen, på Berte Kanutte-huset (BK 142).  

Samtalane skjer på eit eige samtalerom (BK101), digitalt eller på tur. Samtalane kan bookast digitalt eller avtalast per e-post/telefon.  

E-post: studentprest@hivolda.no 
Telefon: 98059751 
Sosiale medium: Facebook | |nstagram