Nominasjon av studentrepresentantar til Høgskulestyret

HVO-styret
Frå venstre: Cecilie Røeggen, Ann Kristin Emblem, Roar Tobro, Inger Østensjø, Mats Ekeberg, Odd Helge Mjellem Tonheim, Johann Roppen, Bodil Palma Hollingsæter, Eirik Søvik, Irmelin Johanne Angell Losvik, Geir Terje Ruud, Silje Louise Dahl, Randi Myklebust
Nominer kandidatar her
2023-08-15T00:00:00 - 2023-09-21T14:00:00

Fram til 21. september kl. 14.00 kan studentar ved Høgskulen i Volda nominere seg sjølve eller andre studentar til Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda. 

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Hugs å avtale på førehand med den eller dei studentane du vil nominere, slik at dei er einige i nominasjonen.

I perioden 6. - 13. oktober 2023 skal det veljast to faste studentrepresentanter, samt to vararepresentanter.

Les meir om valet her.
 

Del på