MGL5-10KR1 Kroppsøving 1

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL5-10KR1
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.

Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.

Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i idretts- og rørsleaktivitetar, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur. Kunnskap om korleis kroppsøving bidreg til elevane si heilheitlege utvikling, står sentralt.

Fagdidaktikken bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart, legitimering og tilknyting til andre skulefag

  • har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for elevar

  • har kunnskap om undervisningsplanlegging, -gjennomføring og -evaluering i kroppsøving

  • har kunnskap om vurdering i kroppsøving

  • har kunnskap om idretts- og rørsleaktivitet, friluftsliv, leik, dans og tidsaktuelle rørsleformer i barne og ungdomskultur

  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hjå eleven

  • har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer

  • kan legge til rette for læringssarbeid som kan femje rørsleglede i leik, nærmiljøaktivitet og varierte rørsleformer

  • kan vurdere eleven si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar

  • kan utvikle og bruke ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre rørsleaktivitetar med tanke på undervisning i kroppsøving

  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt

  • kan vurdere eleven si måloppnåing, grunngi vurderingane og legge til rette for eleven si eigenvurdering

  • kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø

  • kan gi symjeopplæring på trinn 5-10 og utføre livbergande førstehjelp og livredning i vatn

  • kan inkludere dei grunnleggjande dugleikane i undervisninga på faget sine premissar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning

  • kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving

  • kan arbeide med kroppsøving og rørsleaktivitet i tverrfagleg perspektiv

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner, i sal, i symjebasseng og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Delar av teoretisk og praktisk undervisning vil skje i samarbeid med praksisfeltet. Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Digitale verktøy vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, studentpresentasjonar, arbeidskrav, undervisning i faget m.m.

Emnet består av:

Kurs 1: Undervisninglære i kroppsøving og idrett

Kurs 2: Motorisk læring 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:

Kurs 3: Dans

Kurs 4: Ski 

Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar

Kurs 6: Ballspel

Kurs 7: Symjing, stup og livberging

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 7.

Kurs 6: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Krav om 100 % deltaking i kurs 4 og 5.

Arbeidskrav:

  • Kurs 1. Forskings- og utviklingsarbeid knytt til praksisfeltet. Individuell eller gruppevis skriftleg innlevering med omfang på ca. 3000-3500 ord. Individuell/gruppevis respons til læringspartner(ar). Munnleg presentasjon av oppgåva til medstudentar individuelt/gruppevis.
  • Kurs 1: Obligatorisk seminar.
  • Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø for elevar. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord.

  • Kurs 2: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av elevar i leik og fysisk aktivitet. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat på ca. 500 ord.

  • Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 3, 6 og 7.

  • Godkjent livbergingsprøve i basseng.

  • Refleksjonsnotat knytt til praksis vedrørande friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Omfang: ca. 1000 ord.

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell3timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 60Kurs 1: Undervisningslære i kroppsøving og idrett
Digital eksamenIndividuell3timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Kurs 2: Motorisk læring
Annen vurderingsform, definer i kommentarfeltIndividuell5DagarStått eller ikkje ståttKurs 4: Ski
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfeltIndividuell5DagarStått eller ikkje ståttKurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettningar.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 60
Kommentar:Kurs 1: Undervisningslære i kroppsøving og idrett
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Kurs 2: Motorisk læring
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Kurs 4: Ski
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettningar.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Catarina Andersson