EXP100 Examen philosophicum

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
EXP100
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

- ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
- ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
- ha innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
- ha innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
- ha innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk

Ferdigheiter

- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med, emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
- kunne nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kunne reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
- kunne applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
- kunne anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar

Generell kompetanse

- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kunne utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
- utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Studenten skal arbeide med ei prosessoppgåve gjennom semesteret. Studenten skal levere eit utkast av oppgåva etter nærare fastsette regler og tider. Studenten får respons på det innleverte oppgåveutkastet. Oppgåva skal endeleg leverast som eksamensoppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent innlevering av utkast til prosessoppgåve etter nærare fastsette krav og fristar samt obligatorisk deltaking på førelesingar (60%) og på seminar i tilknytting til prosessoppgåva (100%).

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
AHL opne emne bachelornivå
Bachelor i religion og livssyn
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50% Alle2500 ord
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50% Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50%
Kommentar:
Hjelpemidler: Alle
Omfang:2500 ord
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:
Hjelpemidler: Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust