Nettverkstreff - Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO

2022-01-28T09:00:00 - 2022-01-28T10:00:00
Legg til i kalender

Velkomen til nettverkstreff for Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO, fredag 28.januar kl.09.00-10.00. Tema for treffet er forskingsleiing.

Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO skal medverke til å knyte band mellom kvinner på ulike trinn i karrieren, tilby kunnskap om blant anna prosjektleiing, formidling, akademisk publisering og korleis ein kan planlegge for framtidig opprykk.

Professor Siv Måseidvåg Gamlem og førsteamanuensis Wenke Mork Rogne har begge erfaring med leiing av både små og store forskingsprosjekt. På dette nettverkstreffet vil dei dele sine erfaringar som dei håpar vil gje kunnskap, inspirasjon og refleksjon rundt forskingsleiing.

Har du spørsmål, ta kontakt med forskingsrådgivar Sunniva Hagen.

Vel møtt!

Del på