Nettseminar om Språklova og tilhøvet mellom engelsk og norsk i akademia

15. mars kl. 13–15 ønskjer Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum velkomen til nettseminar om Språklova og om korleis engelsk og norsk blir brukt i utdanning, forsking og formidling ved norske UH-institusjonar.


Debatten om dette temaet gjekk friskt på fleire arenaer hausten 2021. Den viste at det er brei semje om at vi må ta vare på norsk som fagspråk, men også at det er ulike syn på kor stort problemet er, og kva som bør gjerast. Den nye Språklova vart gjeldande frå 1. januar i år, og på seminaret vil det bli retta eit søkjelys mot kva ho seier om tematikken.

Målgruppa er først og fremst tilsette ved norske høgskular og universitet.
Målsetjinga er at det skal vere eit bidrag i arbeidet med å styrke norsk som fagspråk.

Webinar ved Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum, mars 2022.

Innleiarar

Åse Wetås, direktør Språkrådet
Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær Kunnskapsdepartementet
Alexander H. Sandtorv, 1. amanuensis, Institutt for organisk kjemi, UiO

Sluttkommentar:
Jan Inge Sørbø, professor, Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda


Sjå heile programmet og meld deg på her! Påmeldingsfrist er 14. mars

Del på: