Nasjonal EVU-konferanse 2025

Arrangementet går på rundgong og samlar normalt 200-300 deltakarar frå heile breidda i sektoren. Årets arrangørar er Høgskulen i Volda og NTNU i Ålesund. Konferansen er relevant for rektorat, leiarar, fagleg- og administrativ tilsette samt eksterne bidragsytarar som jobbar med EVU og bidrag og oppdragsverksemd (BOA).

Ålesund

Foto: Vom Berg

Tema for årets konferanse: Omstilling og inkludering
I takt med store samfunnsendringar og nye kompetansebehov har samfunnsmandatet og forventningane til UH-sektoren sitt arbeid med EVU endra seg. Temaet for årets konferanse er difor omstilling og inkludering.

Markussenutvalet peika i 2019 på fleire viktige perspektiv, der lærekraftig utvikling og livslang læring vart løfta fram som naudsynte berebjelkar. Statistikken viser likevel at det framleis er dei med høgst utdanning som deltek mest i EVU. Samstundes fører både demografiske endringar og teknologisk utvikling til nye og komplekse kompetansebehov.

Er sektoren på rett veg med omstillinga, og greier vi å inkludere heile befolkninga? Kan EVU-satsinga i UH-sektoren vere med på å møte framtidig behov for kompetanse?

Konferansen set særleg søkjelys på utanforskap og på sektoren sitt samfunnsmandat, slik det er formulert i NOU 2020:3 og NOU 2020:11. Her vert samfunnsutfordringar, berekraft, danning og personleg utvikling løfta fram som sentrale element. Korleis påverkar utanforskap dei strategiske vala vi gjer, og kva rolle kan omstilling og teknologi spele i dette arbeidet?

Strategiske styringsdokument peikar dessutan på behovet for større fleksibilitet og meir desentraliserte løysingar innan EVU. Sektoren er utan tvil i omstilling – men til kva?

Dette og meir håper vi å setje søkelys på under årets konferanse, og vi gleder oss til å ta i mot dykk i vakre Ålesund.  

Del på: