Godskriving av fag i MAGLU

I følgje Forskrifta for grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10 må alle fag som skal kunne godskrivast vere relevante og innehalde fagdidaktikk og praksis, jamfør §6 i forskrifta. Kravet om at praksis skal vere ein del av fag vil truleg føre til at det er få fag som kan godskrivast.

I tilfelle ein får fag godskrive er det likevel lite truleg at ein vil få eit forkorta studieløp, fordi studiemodellen og forskrifta legg opp til ein progresjon som gjer at det er vanskeleg å korte ned på studietida.

Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med:

Team studium: studium@hivolda.no

Søknad om godskriving

Søknadsskjema for å søkje om å få godskrive utdanning finn du her.