Frammøte og fråvær

Grunnskulelærarutdanningane utdannar studentar til eit yrke som ikkje kan lærast eine og åleine gjennom å lese teori. Mykje av lærdommen må utviklast saman med andre gjennom samtaler, diskusjonar og gruppearbeid med meir. Av denne grunn er all timeplanfesta undervisingsaktivitet obligatorisk. Det er avgjerande at studentane møter førebudd og er aktive i den undervisingsaktiviteten som føregår. Kvart fag har tilgjengeleg ein av dagane i veka til ulike typar undervisingsaktivetar. Ordninga med obligatorisk undervising er regulert gjennom Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i VoldaAlle studentar bør orientere seg om denne forskrifta, og særskilt paragrafane 4 og 5. 

Ver merksam på at ved for mykje fråvær vil studentane misse retten til å ta eksamen i emner. 

Retningslinjer for handsaming av fråvær i praksis finn du her.

Praktisering av § 4-6 ved grunnskulelærarutdanninga

  • Studentar har sjølv ansvar for å halde oversikt over fråværet.
  • Studentar som trur dei kan kome i ein situasjon der fråværet i eitt eller fleire emne vert over 20 %, må så tidleg som mogleg i studieåret informere studieleiar og emneansvarleg om dette, her er til dømes dokumentasjon frå lege viktig.
  • Om frammøte ikkje er godkjent, skal emneansvarleg melde studenten av eksamen etter siste obligatoriske undervisingsaktivitet. Emneansvarleg skal varsle student og studieleiar om dette.
  • Studenten kan sende søknad om dispensasjon frå frammøtekravet, og det er viktig at søknader vert levert så tidleg som mogleg.
    Søknad om dispensasjon frå frammøtekravet bør dokumenterast med legeattestar eller liknande. Studentar tek sjølve vare på slik dokumentasjon til eventuell søknad vert sendt inn.
    Dersom dispensasjon vert gitt, vil normalordninga vere at det må leverast kompensatorisk arbeid.

Søknad med vedlegg skal leverast til studieleiar per e-post. Studentane vil få endeleg svar frå dekan på AHL.

 

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HVO