Kveldsmat!
Kvifor gå heim for å studere (les: prokrastinere) når du kan vere igjen på Høgskulen og lese/skrive og få motiverande kveldsmat?

Som ein del av fystehjelpen i eksamenstida er det kvar kveld kl. 19.00 frå måndag 18. til torsdag 21. november kveldsmat i kantina på Berte Kanutte. Kom å få deg ei etterlengta pause i skrivinga og lesinga, og mat som hjelp på konsentrasjonen og motivasjonen. Vi kan freiste med blant anna rundtstykker, wraps, graut, grove vafflar, bollar, frukt, yoghurt og kakao.
Etter kveldsmaten har du muligheit for å gå til ei DROP IN- samtale og få hjelp med skrivinga eller tankane dine.
Frå 20.00-21.30 kan du få individuell skrivehjelp med Elin Gundersen ved tidsskriftkroken i biblioteket.
Om du møter opp ved Studentsørvis kan du få snakke med nokon om korleis du har det, og om tankar rundt eksamen:
Måndag: Studenthumanist, Lone Ellingvåg Knutsen
Tysdag: Studentrådgivar frå Samskipnanden, Eli Anne Løksa
Onsdag: Studentprest, Kristian Myklebust
Torsdag: Studierettleiar i Studieadministrasjonen, Ingunn Blindheim