Kurs: Mindfullness
Er du som student stressa og har hovudet fullt av tankar?

Treng du nokon verkty for å meistre dette litt betre?
Bli med på gratis kurs i oppmerksamt nærvær med Line Katrin Moe.
Ta gjerne med yogamatte om du har. Ingen påmelding, berre å møte opp. Men trykk gjerne "deltek" på Facebook-arrangementet så veit vi kor mykje smoothie vi skal lage ;-)
Mindfullness handlar om å vere bevisst tilstades og oppmerksam på det som vert erfart i augneblikken, med ei venleg, open haldning. Det vert forstått som ein eigenskap vi alle har, og som kan styrkast ved å øve. Mindfullness vert på norsk ofte kalla oppmerksamt nærvær og oppmerksamheitstrening.
På Høgskulen i Volda markerar vi verdsdagen for psykisk helse med ein heil psykisk helse-månad, og arrangement kvar torsdag i oktober! Sjekk ut dei andre arrangementa!