Konsert: Sound of Musicals
Det vert ein stor konsert med mange medverkande i kantina på Berte Kanutte denne fyrste ettermiddagen i november. Elevar og studentar, amatørar og profesjonelle samarbeider om å skape ein konsert der temaet er musikalar.
Dei om lag 30 musikarane i symfoniorkesteret er ei blanding av fastbuande, studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda.
Medverkande
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda
med studentar
Dirigent: Elizabeth Oltedal
Høgskulekoret
med solistar
Dirigent: Karen Rosenberg Olsen
Songgruppe frå Ørsta kulturskule
Dirigent: Brynhild Hovden
Volda–Ørsta Korskule
Dirigent: Ingrid Vik Henriksen
Sound of Musicals
Repertoaret er sett saman av songar frå kjende musikalar med høg attkjenningsfaktor.
Publikum får høyre nummer frå mellom anna The Sound of Music, Annie, Les Misérables, Løvenes konge og West Side Story.
Solistar frå Høgskulekoret vil mellom anna tolke morosame duettar som Anything You Can Do (I Can Do Better), og dei som er glade i Frank Sinatra kan sjå fram til ei flott framføring av Theme from New York, New York.
Prosessen med å øve til konserten starta i haust, og vert no trappa opp med fleire øvingar i veka fram mot konsertdagen. Først har dei ulike kora og orkesteret øvd kvar for seg, og deretter skal alle delane setjast saman gjennom fellesøvingar og generalprøve.
Orkesteret ved Høgskulen i Volda:
Orkesteret vart skipa i 1947 av Ingmar Fottland, som var lektor i musikk ved Volda lærarskule. Saman med sentrale musikarar starta han Volda Symfoniorkester, som har vore i kontinuerleg drift fram til i dag.
No nærmar orkesteret seg heile 80 år!
Dirigentar etter Ingmar Fottland har vore Thorleif Hauso, Bjarne Dankel, Ivar Torvanger, Nils Ose, Helge Hamsaas, Leif Barmen, Harald Eikaas, Bård Dahle, Rune Bergmann, Øystein Salhus, Øyvind Johan Eiksund, Øyvind Granden Berg, Kjetil Grøtting, Bert Handrick, Miki Campins, Magnar Åm, Bjarte Engeset, Michael Pavelich og Elizabeth Oltedal.
Sistnemnde har dirigert orkesteret dei siste åra og er den første kvinnelege dirigenten sidan skipinga i 1947.
Besetninga tel om lag 30 musikarar, med ei fin blanding av studentar ved Høgskulen i Volda, tidlegare studentar, tilsette ved høgskulen og bygdefolk. Ved kvar konsert vert det leigd inn musikarar på instrument orkesteret ikkje har sjølv, for å dekkje dei musikalske behova.
Orkesteret har fleire konsertar gjennom året.
Høgskulekoret:
Koret består av studentar ved musikkstudiet på Høgskulen i Volda – både frå årsstudiet og den treårige bacheloren. Koret er òg ope for andre studentar og lærarar, og kvart år deltek det også internasjonale studentar.
Karen Rosenberg Olsen har leia koret dei siste åra. Dei har halde fleire konsertar med repertoar frå populærmusikk, folketonar, musikalar og klassisk musikk.
I vår hadde koret to konsertar saman med eit kor frå Bulgaria, som var på vitjing i Volda. Dei deltok òg i framføringa av Mozarts Requiem.
Dei studentane som er solistar på denne musikalkonserten, er hovudsakleg dei som har song som fordjupingsinstrument og går andre eller tredje året på bachelorstudiet sitt.
Ørsta Kulturskule:
Frå Ørsta kulturskule kjem tretten songarar som utgjer tilbodet «Songgruppe» – eit tilbod kulturskulen no har for andre året på rad.
Det er lange ventelister for songundervisning, og dette er eit flott tilbod som gjer at fleire får høve til å prøve seg på song. Brynhild Hovden leier gruppa, og dei har ofte oppdrag i lokalmiljøet.
Volda og Ørsta Korskule:
Mañana består av 16 songarar mellom 5 og 7 år.
Spirit består av 9–10 songarar mellom 10 og 14 år, med hovudvekt på elevar frå 6. trinn.
Ingrid Vik Henriksen leier dei på tredje året.
Korskulen er ein frilynt organisasjon som vart stifta i 1995, og feirar dermed 30-årsjubileum i år. Korskulen vidarefører arbeidet til det som tidlegare var Volda skulekor. Dei har plass til fleire songarar i begge kora.
Alle dei medverkande ser fram til ein flott konsert – og håper mange vil ta turen for å oppleve det!