Konferanse: Nynorsk på nye måtar (Bergen)
Torsdag 25.–fredag 26. september inviterer Nynorsksenteret og MultiLit-prosjektet til nasjonal konferanse i Bergen. Målgruppa for konferansen er lærarar, lærarutdannarar, lærarstudentar og andre som er interesserte i god nynorskopplæring. Påmeldingsfristen er 1. september.
Desse forskarane er mellom dei du møter under konferansen.
Programmet gir deg fersk forsking på språkkompetansen til elevane, og inspirasjon til korleis ein kan drive forskingsbasert og motiverande nynorskopplæring. Du får også møte forfattarar som har skrive nynorske bøker som eignar seg godt i klasseromma. Jobbar du i barneskule, ungdomsskule eller vidaregåande? Underviser du i nynorsk som hovudmål eller sidemål? Her finn du noko som passar for deg.
Konferanseprogrammet har mellom anna bidrag av fleire fagpersonar frå både Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret.
- Les meir og sjå heile programmet for konferansen på nynorsksenteret.no.
- Meld deg på konferansen innan 1. september 2025 her (letsreg.com).