Læringsteknologi for elever med Asperger syndrom og Tourettes Syndrom

Tysdag 7. mai inviterar Høgskulen i Volda og Møreforsking til gratis konferanse om læringsverktøy for ungdommar med Asperger syndrom og Tourettes syndrom basert på spelteknologi.  

 

Konferansen er arrangert av ei prosjektgruppe som forskar på læringsverktøy for ungdommar med Asperger syndrom og Tourettes syndrom basert på spelteknologi. I 2017 fekk prosjektgruppa som består av representantar frå Møreforsking Molde, Høgskulen i Volda, Nasjonalt kompetansesenter for nevroutviklingsforstyrrelser og hypersomnier (NevSom), Sintef Digital, Ulstein kommune, Arena for læring om velferdsteknologi (ALV Møre og Romsdal), Ulstein Vidaregåande skule, Sunnmøre Folkehøgskule, samt lokalforeiningane i Møre og Romsdal for brukarorganisasjonane Autismeforeningen og Norsk Tourettes Foreining, som alle er lokalisert i fondsregionen fullt tilslag på søknad hjå Regionalt forskingsfond (RFF). Prosjektet er initiert og leia av seniorforskar Lidun Hareide ved Møreforsking Molde. 

Prosjekteigar er Ulstein kommune, og her har kommunalsjef for helse og omsorg, Marit Botnen, hatt ei heilt sentral rolle. 

 

12.00 – 12.30: Enkel lunsj servering
12.30 – 12.35: Kort om prosjektet v/ kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein kommune, Marit Botnen
12.35 – 13.05: Kjenneteikn ved Asperger og Tourettes syndrom. v/ førsteamanuensis Michael B. Lensing 
13.05 – 13.30: Skulen sett frå eit brukarperspektiv v/ Anne-Line Gausdal & Elin Svendsen
13.30 – 13.40: Pause
13.40 – 14.10: The potential of gaming technology for education v/ post.doc. Costas Boletsis
14.10 – 14.30: Læraren sitt møte med elevar med Asperger og Tourettes syndrom v/ høgskulelektor Silje Ims Lied
14.30 – 14.40: Pause
14.40 – 15.00: Behovsdreven innovasjon v/ leiar i ALV Møre og Romsdal Cecilie Campell & prosjektleiar for velferdsteknologi Hildegunn Utgård
15.00 – 15.30: Funn i prosjektet og vegen vidare v/ seniorforskar Lidun Hareide

 

Foredragshaldarane

Lidun Hareide Moreforsking Lidun Hareide er seniorforskar ved Møreforsking Molde (Samfunn). Prosjektet «Læringsteknologi for elevar med Asperger og Tourettes syndrom» er initiert og leia av henne). Ho har doktorgrad i omsetjingsteori, samanliknande grammatikk og korpuslingvistikk, og har bakgrunn som lærar i vidaregåande skule, som lærarutdannar ved Høgskulen i Volda samt offentleg administrasjon. Ho forskar på spelbaserte tilnærmingar til læring og digitale språkkorpus, og er medlem i EU-prosjektet Social Sciences and Humanities Open Cloud (SSHOC) som er ein del av European Social Survey ERIC (ESS). 
 
     
Marit Botnen Ulstein Marit Botnen er kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein kommune. Ho er også prosjekteigar i prosjektet «Læringsteknologi for ungdom med Asperger og Tourettes syndrom»
Ulsteinsamfunnet har ein sterk innovasjonskultur og nyskaping er ein av fire kjerneverdiar. Samspel mellom kommune og andre samfunnsaktørar er viktig for at vi til ei kvar tid har ei moderne teneste tilpassa den einskilde brukar. Vi legg vekt på læring, meistring og samhandling. Ved å vere med på dette prosjektet oppnår vi auka kompetanse også for denne gruppa.
 
     
Michael Oslo universitetssykehus Michael B. Lensing arbeider ved Nasjonalt kompetansesenter for nevroutviklingsforstyrrelser og hypersomnier (NevSom) ved Oslo universitetssykehus. NevSom har kompetansesenteransvar for: Nevroutviklingsforstyrrelsene ADHD, autismespekterdiagnosar (ASD) og Tourettes syndrom og hypersomniene idiopatisk hypersomni, Kleine-Levin syndrom og narkolepsi
Michael B. Lensing kjem opprinneleg frå Tyskland. Han er utdanna spesialpedagog med ein ph.d. om ADHD hjå vaksne. Han har i mange år arbeidd med nevroutviklingsforstyrringar både i skulesamanheng og i helseteneste. Michael er medlem av European Adult ADHD Network, styremedlem av DIVA Foundation og Scandinavian ADHD Consortium (SAC). Han er tidlegare redaktør av ”Autisme i dag”. Michael er tilsett som seniorrådgivar. Han er rettleiar for prosjekt innan autisme og ADHD og arbeider særskilt med tilrettelegging, livskvalitet og aldring innan nevroutviklingsforstyrringar.
 
     
Elin Autismeforeningen Elin Svendsen er brukarrepresentant og/eller likeperson for autismeforeininga i Møre og Romsdal. Ho er mor til ein ungdom med Asperger Syndrom, helsesøster, og har vore nestleiar i Autismeforeininga Møre og Romsdal. Ho brenn for desse borna og ungdomane, at dei skal kunne meistre både skulen og livet generelt. 
Autismeforeininga arbeider for at samfunnet skal oppfylle sine pliktar ovanfor menneske med autismespekterdiagnosar så som: like moglegheiter for deltaking i samfunnet, forpliktande langtidsplanlegging i eit heilskapleg og livslangt perspektiv, opplysingsplikt, vaksenopplæring og stimulere til forsking og likemannsarbeid med sikte på å støtte enkeltfamiliar og bidra til meistring av kvardagen og førebygging av psykiske tilleggsvanskar.
 
     
Anne-Line Tourettes Anne-Line Gausdal sit i landsstyret i NTF. Anne-Line har sjølv Tourettes syndrom, og det same har sonen hennar på 24. Dei har også begge  diverse tilleggsvanskar. Ho brukar mykje av tida si på å informere om Tourettes syndrom i ulike fora. TS er dessverre framleis ein lite kjent diagnose der mytane er mange.
Norsk Tourette Foreining (NTF) er ein landsomfattande organisasjon som har til formål å spreie kunnskap om - og forståing for Tourettes syndrom (TS). NTF er organisasjonen for alle med diagnosen, deira familiar, vener, fagpersonar og andre interesserte. Dei arbeider for å halde medlemane orienterte om forsking, moglegheiter og rettigheiter. NTF arbeider for å gi personar med TS moglegheit til å meistre sin kvardag best mogleg, samt å betre dei pårørande sin situasjon gjennom likepersonsarbeid, brukarmedverknad og opplæringsverksemd.
 
     
Costas Sintef Costas Boletsis er forskar ved SINTEF Digital, som driv forsking og innovasjon innan digitale teknologiar og teknologiorienterte samfunnsfag.
Costas har fullført sin PhD på Serious Games og bruk av videospel for helse og utdanning. Hans forskingsinteresser inkluderer bruken av augmented og virtual reality i tenestedesign og menneske – maskin interaksjon.
Han har også publisert fleire artiklar og har gitt mange presentasjonar om dette emnet. Tidlegare har han designa eit pedagogisk videospel for Vitensenteret Innlandet.
 
     
Silje hvo Silje Ims Lied er instituttleiar ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Ho har mastergrad i yrkesretta spesialpedagogikk, og har tidlegare arbeidd i barnehage, PPT og Psykisk helsevern for barn og unge. Sidan 2009 har ho vore tilsett som høgskulelektor i pedagogikk. 
Silje Ims Lied er medlem i Midtnorsk forskarforum for spesialpedagogikk, samt ei intern forskargruppe ved HVO kalla spesialpedagogikk og inkludering. 
Faglege interesser: Livsmestring og psykisk helse i barnehage og skule
 
     
Hildegunn sjustjerna Hildegunn Utgård er utdanna fysioterapeut med vidareutdanning i meistring og myndiggjering. Ho er tilsett som prosjektleiar i Sjustjerna som no er med i den Nasjonale satsinga på Velferdsteknologi. Målet her er at «Velferdsteknologi skal være en integrert del av tjenestetilbudet i omsorgstjenestene innen 2020.» Velferdsteknologi er alders- og diagnoseuavhengig og mykje av teknologien kan takast i bruk også av barn og ungdom, blant anna med tanke på læring og kommunikasjon.
     
Cecilie C ALV

Cecilie Campbell er leiar i ALV Møre og Romsdal. ALV er eit partnarskap mellom 20 kommunar og NTNU, og har utover dette mange dynamiske samarbeidspartnarar gjennom diverse prosjekt. ALV sin visjon er at brukarstemmen skal ha ei sterk rolle i innovasjons- og utviklingsprosessar. Dette fordrar at næringsliv, akademia og det offentlege sit rundt same bord med dei som eig behovet.

     
 

 

 

 


 

Del på