Tekst og tanke
Velkomen til ein ettermiddag med pizza, god litteratur, gode menneske, gode samtaler og lave skuldrer!

Kl. 15.45-16.30 Gratis pizza
Kl. 16.30-18.30 Tekst og tanke, kaffi/te og frukt
Vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading og leseleiarane les høgt frå ei novelle og eit dikt. Du kan velje å berre lytte til lesinga, eller delta i samtale om lesinga. Ein treng ingen forkunnskapar. Samlesing/shared reading er spa for hjernen. Velkomen!
Det er gratis og opent for alle studentar!
Helsing Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).