Bygdepride 2025
Bygdepride 2025 er ei feiring av kjærleik i alle former og fargar. Bli med i den mangfaldige paraden for store og små laurdag 10. mai, og sjekk ut det spennande festivalprogrammet!

I år blir studiebygda forvandla til regnbogebygda frå laurdag 3. mai til laurdag 10. mai. Bygdepride er ein inkluderande fest for alle! Her blir det bålkos på Årneset, skeiv kafé, regnbogemesse, faglege arrangement, kviss, debatt og mykje meir.
Avslutningsdagen laurdag 10. mai toppar det heile med ein storslått parade på dagtid og Bygdepridefesten på Rokken på kveldstid, der Skatebård og Pastor Rex står for musikken og topp pride-stemning. Dette vil du ikkje gå glipp av! Heile programmet finn du på bygdepride.no.