Tryggleik i fødsel: ein tverrfagleg samtale om val, tillit og etikk

Velkomen til ein panelsamtale som utforskar debatten om heimefødsel frå fleire faglege vinklar. Denne kvelden er for deg som er nysgjerrig og ønskjer å forstå meir enn overskriftene fortel oss. Vi skal ikkje velje side, men belyse temaet frå perspektiv som gjer at du kan gjere deg opp di eiga meining.

*Tryggleik i fødsel: Kva betyr det eigentleg, og for kven?
*Valfridom og tillit: Kva rolle speler kvinner sin rett til å velje kvar dei vil føde, og korleis kan tillit til helsevesenet påverke dette valet?
*Juss og etikk: Kvar går grensa mellom kvinner sin rett til sjølvbestemming og barnet sin rett til liv og helse?

Panelet består av dyktige fagpersonar som vil gje oss innsikt og nye perspektiv:
*Ellen Mundbjerg Synnes, jordmor og masterstudent ved Høgskulen i Volda (HVO).
*Kari Hasle, historikar og høgskulelektor ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) på HVO.
*Ellen Lexerød Hovlid, professor i medierett ved Avdeling for mediefag på HVO.

Ordstyrar er Carien Lærum, jurist og høgskulelektor ved ASH på HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

 

Del på: