Tekst og tanke

Lone og Guro
Tekst og tanke - Nynorsksenteret
2022-01-26T13:30:00 - 2022-01-26T15:30:00
Legg til i kalender

Treng du ein litt god eller ny start på det nye året? Eller eit pusterom i studiekvardagen som også gir deg litt påfyll? Bli med på "Tekst og tanke" og lytt til god litteratur som opnar for undring og nye perspektiv saman med andre, både gjennom teksten og samtalen etterpå. Kanskje blir ein litt klokare på livet eller seg sjølv?

Her trengs ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik dei er – både om ein har lest mykje og lite!

Tekst og tanke blir siste onsdag i kvar månad på biblioteket på HVO, og det vil kvar gong vere tekstar som kransar litt rundt eit opent tema, og denne gongen går vi for ein "Ny start!". 

Tekst og tanke går føre seg omtrent slik:

  • Vi møtast i ei lita gruppe (maks 10) og Guro (supersnill dame frå Nynorsksenteret) og Lone (studenthumanisten) har høgtlesing av to tekstar, ei novelle og eit dikt.
  • Alle får utdelt tekstane og kan følgje med i teksta eller berre lytte, medan ein drikk ein kopp kaffe eller te, og noko godt attåt.
  • Etterpå undrar vi oss saman om det vi har lest. Du kan også her velje å lytte, eller du kan velje å fortelje litt om kva du tenker og opplever.

Meld deg på ein eller fleire av lesestundene her: https://nettskjema.no/a/241542#/page/1

Les meir om kva Tekst og tanke er – og metoden Shared reading her: Inviterer til "Tekst og tanker" - Nynorsksenteret

Vi tek omsyn til gjeldande smittevernreglar.

Del på